Dei egeiske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei egeiske øyane
øygruppe
Land  Hellas,  Tyrkia
Kart
Dei egeiske øyane
38°N 25°E / 38°N 25°E / 38; 25
Wikimedia Commons: Islands of the Aegean Sea

Dei egeiske øyane (gresk Νησιά Αιγαίου, Nisiá Aigaíou; tyrkisk Ege Adaları) er ei gruppe øyar i Egearhavet med fastlandet til Hellas i vest og Tyrkia i aust. Kreta utgjer den sørlege grensa. I antikken vart øyane kalla Arkhipelago, som opphavleg var namnet på Egearhavet. Etter kvart, som på engelsk (archipelago), er dette namnet vorte eit synonym for øygruppe.

Dei greske egeiske øyane er ein av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Dei er delt inn i fleire grupper (frå nord til sør):

Nesten alle dei egeiske øyane høyrer til Hellas og er delt mellom ni administrative periferiar. Tyrkia eig øyane Gökçeada (Ímvros), Bozcaada (Ténedos) og åtte småøyar utanfor vestkysten.

Områda rundt nokre av øyane og luftrommet over dei er kjelda til ein pågåande strid mellom Hellas og Tyrkia. «Dei italienske egeiske øyane» (italiensk: Isole Italiane dell-’Egeo) vert stundom nytta om dei egeiske øyane Italia erobra under den tyrkisk-italienske krigen i 1912 og som vart annektert i 1923. Desse øyane, hovudsakleg Dodekanesane, var italienske fram til 1947.

Periferiane og periferieiningane[endre | endre wikiteksten]

Periferiane i Dei egeiske øyane og periferieiningane deira er:

Periferi Hovudstad Areal Folketal 2021[1]
Dei nordlege egeiske øyane
består av:
3 836 km² 194 943
1 Periferieininga Ikaría Ájos Kírykos 301 km² 10 186
2 Periferieininga Sámos Sámos by 476 km² 32 642
3 Periferieininga Khíos Khíos by 904 km² 51 692
4 Periferieininga Lésvos Mytilíni 1 633 km² 83 755
5 Periferieininga Límnos Mýrina 519 km² 16 668
Dei sørlege egeiske øyane
består av:
Lamía 5 286 km² 327 820
6 Periferieininga Ándros Ándros by 380 km² 8 826
7 Periferieininga Tínos Tínos 195 km² 8 934
8 Periferieininga Mýkonos Mýkonos 105 km² 10 704
9 Periferieininga Sýros Ermoúpoli 102 km² 21 124
10 Periferieininga Kéa-Kýthnos Ioulída 247 km² 3 903
11 Periferieininga Mílos Mílos 362 km² 10 130
12 Periferieininga Páros Páros 242 km² 15 785
13 Periferieininga Náxos Náxos 622 km² 22 539
14 Periferieininga Thíra Firá 315 km² 19 044
15 Periferieininga Kálymnos Kálymnos 301 km² 31 383
16 Periferieininga Kos Kos 337 km² 37 089
17 Periferieininga Kárpathos-Kásos Kárpathos 394 km² 7 790
18 Periferieininga Ródos Ródos by 1 587 km² 129 521
Totalt Dei egeiske øyane 9 122 km² 522 763

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
Tradisjonelle regionar i Hellas
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta